Stalltips: sjekk ut www.svalbard.money. Der finn du tekstar, fotografi, podcastar, spel, meiningsmåling, kunst (serigrafi) - og ein handelsplass for digitale Svalbard-setlar programmerte på blokkjeden Ethereum.

Men no: sjå på fotografiet under her. Biletet er teke i Colesbukta på Svalbard, sentralt plassert i periferien «midt mellom» norske Longyearbyen og russiske Barentsburg. Utanfor fokus er ei handfull bygningar. Kantine, bustadhus, lager. På enkelte vegger er sovjetiske aviser frå 1980-talet nytta som tapet ... Hamneanlegget har sett betre dagar - det har gått ein mannsalder sidan kol vart skipa ut herifrå med koldamparar med kurs mot Sovjetunionen.

Den lett forfalne jarnbanebrua på biletet fortel ei historie om frakt av kol frå gruvedrifta i Grumantbyen ein 7-8 kilometer unna Colesbukta. På sjølve brua kan du sjå spor etter jarnbaneskinner også. Tidleg på 60-talet vart derimot kolutvinninga i Grumantbyen innstilt. På det meste budde likevel opp mot tusen menneske der. Menn, kvinner og born. Men fyrst og fremst var Grumantbyen ein arbeidsstad. Ein kom dit for å jobba og tena pengar og betala nokså lite i skatt.

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, snø, natur

Automatisk generert beskrivelse
Foto: Haltenbanken

Men det var ikkje berre kol som vart utvunne, produsert i Grumantbyen. Selskapet The Anglo-Russian Grumant Company Ltd. (registert i London) utferda også pengesetlar der tidleg på 1920-talet - før dei selde eigedomen til det då sovjetiske gruveselskapet Trust Arktikugol. Brorparten av desse setlane finst truleg ikkje lenger. Men i Oslo, på Bankplassen, hos Noregs Bank er ein femkronesetel frå sesongen 1920/21 kjøpt inn og trygt arkivert.

Dette er den einaste pengesetelen eg sjølv noko sinne har sett med ordet PENGESEDDEL påskrive. Designet er enkelt; all tekst er handskrive, inkludert underskrifta som kan henda er meint å gje setelen truverd, autensitet. Det står forresten skrive Coal Bay på setelen òg. Etter alle solemerke er det tale om Colesbukta: lenge var stadnamn på Svalbard «flytande» storleikar. Etter kvart vart stadnamna der normerte og skrivne på nynorsk.

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse
Foto: Noregs Bank

Tre tankerekkjer melder seg lett når ein studerer biletet av Grumant-setelen:

  1. Dette var pengar utferda av andre «aktørar» enn sentralbankar og andre bankar. Dette var pengar som fungerte som eit «tillegg» til statlege setlar og myntar og private bank- eller kontopengar. Og produksjonen av desse pengane var ikkje berre eit desentralisert fenomen, den gjekk òg føre seg i ei internasjonal frisone - bortanfor lov og forskrift og regulering og tilsyn.
  2. Setelen strekar under på sitt smålåtne vis at «pengar er det pengar gjer». Alle slags pengar krev sjølvsagt tillit for å fungera som pengar. Sannsynlegvis må pengar også vera ei slags mangelvare for å ha verdi. Poenget med stor P er at pengar gjer jobben som pengar dersom mange nok brukar pengar som om dei er nettopp det: brukande.
  3. Vi ser ikkje noko vassmerke på setelen, altså kvalitetsmerke som fyrst vert synleg når vi så å seia held setelen opp mot lyset. Men «mellom linene» er sjølvsagt arbeid og produksjon, gruvearbeid og kolutvinning det usynlege vassmerket til Grumant-setelen og liknande pengar utferda av amerikanske, norske, sovjetiske og svenske gruveselskap gjennom store delar av 1900-talet på Svalbard. I klårtekst: Alle desse pengane var tufta på arbeid, på «mining» og «proof of work». Med andre ord: Reint språkleg ligg nokre vindskeive parallellar mellom Svalbard-pengar og ymse kryptovalutaer i dagen her ..

Meininga med prosjektet Svalbard-pengar/Svalbard money er å lysa opp kva pengar er, korleis pengar endrar seg frå noko handfast og materielt til nummer, siffer, tal på skjermar drivne av elektrisitet. Utgangspunktet er denne særmerkte pengepolitiske historia på Svalbard: internasjonale papirpengar «bortanfor» land og statar (og i dei sovjetiske byane der oppe: også myntar slegne på myntverket i Leningrad rett etter andre verdskrigen).

På nettstaden www.svalbard.money kan brukarar også trykkja, generera unike digitale reproduksjonar av (norske, russiske og sovjetiske) Svalbard-setlar. Denne pengeproduksjonen krev ether, og er fyrst og fremst meint som ei utprøving av både kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Her kjem Kaupang krypto inn i biletet. Dei har koda og programmert smartkontrakten som er grunnlaget for nettstaden frå a til å, frå 0 til 1 i tallause kombinasjonar.

Kan henda fekk Pythagoras og læresveinane hans rett til sist? Dei lærte nemleg at «alt er tal». Og det er i stadig større grad som tal at pengar ovrar seg, er synlege for oss. Like fullt varierer «pengemessige» tal på tvers av landegrenser. Til dømes står talet 3 i ei slags særstilling i russisk kultur, og verdiane 3 kopek og 3 rublar var å sjå på sovjetiske pengesetlar på Svalbard. Dette fenomenet går visstnok langt attende i tid, til før den kommunistiske revolusjonen, det kan ha med religion å gjera, jf. den heilage treeininga.

Uansett er alle gode ting tre. Og dette lukketalet gjer seg godt som eit visuelt punktum òg:

Foto: Haltenbanken


Morten Søberg
Direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen
Medlem i Noregs Banks representantskap